Tilbake til alle arrangementer

Wenche Bruun Lien «First Choice»

  • Stord Hotell 67 Kjøtteinsvegen Stord, Vestland, 5411 Norway (kart)

«First Choice» og slepp av CD

Wenche Bruun Lien begynte å syngja jazz i 2006 og har sidan halde ei rekkje konsertar med ulike musikarar frå Stord og Bergen, i duett, trio, kvartett og kvintett format. Ho har sunge med Fana Big Band og med Spell Oktett. I 2016 spelte ho første gong med Anders Aarum. Dette er deira første duett-konsert.

 Anders er godt kjend på den norske jazzscenen gjennom sin eigen trio og gjennom nært samarbeid med ei rekkje musikarar frå inn og utland. Pianospelet hans er originalt og lyrisk. Han er ein allsidig musikar som også har besøkt Stord tidlegare.

 Dei to skal spela balladar frå jazzen sitt standardrepertoar. Formidlinga er lågmælt, naken og nær der tekstane får rom og melodiene får klinga i framgrunnen.

 Dette blir ein spennande releasekonsert for Wenche sitt CD-prosjekt «First Choice».

Billettar: https://stordjazzklubb.ticketco.events/no/nb

Forrige
Forrige
11. oktober

Stord Jazzfest: Østerlide – Trio «D» – Sunnhordland Storband

Neste
Neste
8. november

Signe Førre Kvartett