Stord Jazzklubb
- Årets jazzklubb 2023.

Her er grunngjevinga frå juryen:

«Prisen for årets jazzklubb 2023 går til en klubb som på imponerende kort tid har fått et særdeles godt omdømme blant både publikum og musikere. Gjennom god organisering og sikker økonomisk styring har klubbens styre skapt et trygt fundament for en aktiv jazzklubb, og menneskene bak klubben arbeider målrettet for at alle involverte skal føle seg vel mottatt. I tillegg er dette en arrangør som er svært bevisst bærekraftelementet, og de samarbeider aktivt med andre arrangører i regionen om å legge regionale turneer for gjestende musikere. Årets jazzklubb 2023 har siden oppstarten i 2016 arrangert en imponerende mengde konserter, de har blitt med på et lokalt festivalsamarbeid og arrangerer jevnlig workshops og seminarer for unge musikere.»

Stord Jazzklubb er eit medlems- og interesselag som er ope for alle. Me er ein møteplass for musikkinteresserte og musikarar som søkjer positive kulturopplevingar og inspirasjon frå levande musikk med improvisasjon, blåtonar og svingande rytmar som felles kjennemerke. Stord Jazzklubb er medlem av Stord musikkråd og Norsk jazzforum.

Dette er våre sponsorar

Som jazzklubb er me heilt avhengige av gode sponsorar for å kunna tilby konsertar av høg nasjonal og internasjonal kvalitet. Vår faste scene er på Stord Hotell og me har eit svært godt samarbeid med dei. Her kan du også bestilla bord og nyta ein betre middag før eller etter konserten. Elles har me fleire lokale sponsorar, og me oppfordrar medlemene våre til å nytta desse om du treng tenester dei tilbyr.

Våre hovedsponsorar er nasjonale kulturinstitusjonar som støttar opp om konsertaktiveiteten vår.