Første konsert denne kvelden: Kl. 17.00 (dørene opnar 16.30):
Østerlide
Når folkemelodiane og -historiene blir forma på nytt i Østerlide si lydverd, får dei nye sjatteringar av farger, lys og skugge, men er framleis dei same: – Nye og gamle på same tid!
Det er både lys og mørke på folkemusikktrioen Østerlide sitt andre studioalbum ”Kilden”. Skimrande som sol på vatn snor vokal og klokkespel seg rundt dryppande perler av gitar. Lyse og eteriske lydbilde blir avløyst av drivande gitarriff og perkusjon på full guffe. Me får servert bloddryppande historier frå mørkaste middelalder, mirakel og gjengangarar, kjærleik og inderleg himmel-lengsel. I sentrum står som før dei uslitelege og tidlause folkemelodiane som er forma og slipt gjennom hundreåra. Når melodiane og historiene blir forma på nytt i Østerlide si lydverd, får dei nye sjatteringar av farger, lys og skugge, men er framleis dei same: – Nye og gamle på same tid.
Musikarar:
Liv Ulvik – vokal
Andreas Haddeland – gitarar
Ulrik Ibsen Thorsrud – slagverk
Musikkeksempel: https://www.youtube.com/watch?v=9hXjWOCZroY
Andre konsert denne kvelden: Kl. 18.30:
Duo «D» med vener
Tor Yttredal og Martin Tvedten har dei siste åra utvikla eit nyskapande musikalsk samarbeid på Stord, og for denne konserten inviterer dei med seg dyktige musikarar på scenen. Det blir leikne rytmar og tonar, og det blir melankolske musikalske forteljingar for ettertanke. Det blir med andre ord eit variert program med eigenkomponert musikk.
Tor Yttredal har vore ein premissleverandør i norsk jazz i lengre tid, og er professor ved Jazzlinja i Stavanger. Han er kjend for sin lyriske saksofonklang, og si bærande forteljarstemme i musikken.
Martin Tvedten er utdanna jazzkomponist ved Noregs musikkhøgskule, og har komponert musikk for orkester, storband og korps. På denne konserten får me både oppleve hans intensjon som komponist, og hans særeigne pianostil.
Musikarane:
Martin Tvedten – piano
Tor Yttredal – saksofonar
Xx Xxx
Xx Xxx
Tredje konsert denne kvelden: Kl. 20.00:
Sunnhordland Storband
Sunnhordland Storband blei stifta i juni 2024, og består av fleire medlemmer frå tidlegare Breibandet Big Band, men har no fått utvida besetningen med ein del nye medlemer.
Sunnhordland Storband har tradisjonell storbandbesetning og medlemene kjem frå Stord, Bømlo og Fitjar. Bandet speler mykje tradisjonell storbandswing, med ein god del frå Count Basie, Sammy Nestico og Lennie Niehaus sine komposisjonar og arrangement.
Den siste tida har storbandet også hatt nært samarbeid med dei fantastiske vokalistane Silje Rydland frå Fitjar og Fanny Edner Sand frå Bømlo. Dette har resultert i flotte konserter på Bømlo, Fitjar og Utsira våren 2024.