Stord Jazzfest!

Helga 9. og 10. oktober skal Stord Jazzklubb arrangera den årlege Stord Jazzfest i lag med Stord Hotell.

Her vil me saman skapa minneverdige stunder for musikkelskarar!

Jazzklubben sin intensjon er å presentera ei jazzig helg med flotte band både fredag og laurdag. Tre av fem band har lokal tilknyting.

Hotellet vil tilby ei helg med overnatting og spanande meny i flotte omgjevnader. Her vil det swinga og gynga gjennom heile helga, og ganen vil og kunna få nye og positive opplevingar.

 

Fredag 9. oktober tilbyr me ein dobbelkonsert, med to orkester på scenen i Valhall.

Laurdag 10. oktober blir det også to konsertar..

-       Det blir berre korte pausar til omrigging mellom konsertane.

-       Publikum betaler for anten ein konsert eller fleire konsertar. Sjekk lenka under.

-       Publikum vel sjølv kva konsert(ar) ein ønskjer få med seg.

For omtale av konsertar og artistar, sjå Konsertprogram.

Billettar kjøper du her:  https://stordjazzklubb.ticketco.events/no/nb