Tilbake til alle arrangementer

Signe Førre Kvartett

  • Stord Hotell Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord (kart)

Signe Førre Kvartett er eit spennande nytt band med musikarar med ulik sjanger-bakgrunn som speler hovudsakleg folkemusikk frå ulike kulturar blanda med jazz. Kontrabassist, vokalist og komponist Signe Førre er jazzmusikar og bass-spelet hennar som virtuost omtalt av avisa Hordaland.

Signe Førre er i ferd med å staka ut ein veldig spennande musikalsk karriere. Med på vegen har ho fått med seg eit flott band med etterspurde musikarar som har bakgrunn frå ei lang rekkje med band/artistar som Vamp, Ole Paus, Anne Grethe Preus, Bjørn Eidsvåg, Tindra, Tore Brunborg, Helene Bøksle, Nils Økland for å nemna nokon veldig få.

Signe Førre vart i 2019 utfordra til å laga bestillingsverk til det unike Finnesloftet på Voss, ei utfordring ho tok på strak arm! Med materiale frå m.a. Noreg, Serbia, Makedonia, Bulgaria, og med sterke inspirasjonar frå musikktradisjonane derfrå, komponerte og arrangerte ho ei musikalsk reise som tek oss gjennom ulike kulturar og tidsperiodar. Her møtest jazz og folkemusikk som blir smelta saman og gitt nytt liv gjennom dei nyskrivne arrangementa hennar, og Signe syng på både serbisk, makedonsk, engelsk, norsk, bulgarsk m.m. Dette har no vorte til eit rykande ferskt album innspelt i ABC Studio og gitt ut på Ta:Lik Records! Denne konserten er ein del av den eksklusive plateslippen turneen med det kritikarroste debut albumet “FAGERT" til Signe Førre Kvartett!

Signe Førre – kontrabass, vokal
Torbjørn Økland – trompet, bouzouki, gitarer
Irene Tillung– trekkspel
Stein Inge Brækhus – trommer, perkusjon

 

Album FAGERT på Spotify:

 

https://open.spotify.com/album/057bbmzlM58YlF5c6z7M7s?si=H6IEun-eSGaryYrffzvoow 

Forrige
Forrige
25. oktober

Wenche Bruun Lien Kvartett

Neste
Neste
28. desember

JulaJam