Tilbake til alle arrangementer

TID – Lars Saabye Christensen/Steinar Raknes med band

  • Stord Kulturhus, Storsalen 1 Hamnegata Stord, Vestland, 5411 Norway (kart)

Eit unikt samarbeid som blir støtta av dei strålande musikarane Knut Reiersrud, Andreas Utnem og Per Oddvar Johansen.

Plata TID kom heilt på slutten av fjoråret, med tekstar av Lars Saabye Christensen og låtar av Steinar Raknes. Dette er låtar som handlar om tid; tida vi lever i, tida vi har, tida vi får, tida vi har igjen og tida kloden har igjen. Raknes har med seg nokre av landet sine beste musikarar, og med kjærleik til rootsmusikk, americana, blues og norsk visetradisjon har dei laga ei nydeleg plate. Bandet er akustisk og består av: Steinar Raknes - kontrabass/vokal, Andreas Utnem – trøorgel, Knut Reiersrud - munnspel/gitar, Per Oddvar Johansen - trommer/sag og Lars Saabye Christensen - poesi, lesing. (På plata er det Mickey Raphael på munnspel, frå Willie Nelson band.)

 Steinar Raknes (1975…) er ein av dei mest anerkjende bassistane i landet. Han har vore aktiv på norske og utanlandske jazzscenar sidan 90-talet. Han har samarbeida med internasjonale storleikar som Chick Corea og norske stjerner som Tord Gustavsen og Ola Kvernberg. Han er også kjend som låtskrivar og vokalist i sitt eige prosjekt Stillhouse der han bl.a. samarbeider med Unni Wilhelmsen. 

 Andreas Utnem (1973…) er ein norsk jazzmusikar, komponist og arrangør. Han har i hovudsak jobba med musikk til teater, film og fjernsyn. I tillegg har han vore musikar på ei rekke album. Han jobbar til dagleg som kantor og musikalsk leiar i Tøyenkirka i Oslo. Han har komponert musikalske liturgiske ledd for høgmessa og salmar med blant andre Edvard Hoem og Jon Fosse. 

 Knut Reiersrud (1961…) er ein norsk bluesgitarist og komponist, kjend frå ei rekke samarbeid i ulike musikksjangrar, ei lang rekke plateproduksjonar under eige namn og bidrag til rundt tre hundre innspelingar. Reiersrud har vore utøvande musikar siden byrjinga av 1970-talet og har vunne tre Spellemannsprisar. 

 Per Oddvar Johansen (1968…) er ein norsk trommeslagar, kjend frå bl.a. Trondheim Kunstorkester og samarbeid med Trygve Seim, Vigleik Storaas og Christian Wallumrød. Bandet The Source har vore eit viktig bidrag til nyare norsk jazz. Han har pelt i Steinar Raknes sitt band Stillhouse i mange år. 

 Lars Saabye Christensen (1953…) er ein forfatter med dansk og norsk statsborgarskap. Han har alltid budd i Noreg, skriv på norsk og handlinga i litteraturen hans finn stad i Noreg. Han er ein produktiv og allsidig forfattar og ein av Noreg sine mest populære forfattarar i sin generasjon. Han har i fleire samanhengar samarbeida med musikarar og er kjend for sine musikalske framføringar av eigne dikt. 

Bandet er akustisk og består av:

Steinar Raknes – bass

Andreas Utnem – trøorgel

Knut Reiersrud – munnspel, gitar

Per Oddvar Johansen – trommer

Lars Saabye Christensen – poesi, lesing

Musikk:

https://www.youtube.com/watch?v=ItbtYtmCgVE&list=RDItbtYtmCgVE&start_radio=1

Billettar: https://checkout.ebillett.no/169/events/92828/purchase/setup?kanal=dxf

Forrige
Forrige
5. september

Bergen Big Band med Frode Grytten: Røter II

Neste
Neste
9. oktober

Helge Lien Trio (Stord Jazzfest)