Tilbake til alle arrangementer

Bergen Big Band med Frode Grytten: Røter II

  • Stord Hotell 67 Kjøtteinsvegen Stord, Vestland, 5411 Norway (kart)

Bergen Big Band er eit av dei leiande og mest vitale storbanda i Noreg. Med røter tilbake til 1970-talet og ein sterk tradisjon for nyskaping, bestillingsverk og kunstneriske samarbeid, har bandet utvikla seg til eit kraftsenter i norsk jazzliv. Gjennom åra har BBB delt scene med internasjonale storleikar som Chris Potter, Diana Krall og Marius Neset, og gjesta store internasjonale festivalar.

Når Bergen Big Band inviterer til Røter II, er det meir enn ein konsert – det er ei totaloppleving der jazz, poesi og videokunst smeltar saman til eit sterkt og djupt menneskeleg verk. Med musikk av Knut Vaage, tekst av Frode Grytten og videokunst av Anne Marthe Dyvi flyttar Røter II seg i grenselandet mellom samtidsmusikk, storbandjazz og scenekunst.

Verket tar utgangspunkt i jazzen sine eigne røter – ei musikkform fødd av migrasjon, smerte, motstand og kulturelle møte. Samtidig rettar det blikket mot vår eiga tid: menneske på flukt, røter som blir rivne opp, og nye fellesskap som oppstår når ulike kulturar møtest.

Musikken spenner frå intime og skjøre augneblink til eksplosive utblåsningar og drivande jazzparti. Vaage sin komposisjon gir rom for heile breidda i Bergen Big Band sitt uttrykk – frå varme klangflater og frijazzen sin rå energi til ekko av den klassiske storbandtradisjonen. Samtidig blir Grytten si poetiske og karakteristiske stemme saumlaust vevd inn i musikken, medan Dyvis videokunst sklir inn og ut av dei ulike uttrykka i musikken og teksten og skaper fantastiske stemningar.

Røter blei urframført under Festspillene i Bergen i 2022 til strålande mottaking og blei seinere nominert til Musikkforleggerprisen 2024 i kategorien Årets verk. Verket er no også spelt inn og blir gitt ut på album hos LAWO Classics hausten 2026. Denne konserten på Stord Jazzklubb sin scene vil markera platesleppet for det nye albumet.

Dette er ein konsert for deg som vil oppleva jazz som noko større enn berre musikk. Røter II er sanseleg, utfordrande, vakkert og brennaktuelt – ei oppleving som set spor lenge etter siste tone.

Solist: Frode Grytten, stemme og tekst

Video: https://www.youtube.com/watch?v=7BV0qnCoFTQ&list=RD7BV0qnCoFTQ&start_radio=1

Forrige
Forrige
25. april

Klingenberg

Neste
Neste
9. oktober

Helge Lien Trio (Stord Jazzfest)