Første konsert denne kvelden: Kl. 19.00 (dørene opnar 18.30):
Andrea Myhre Kvartett
Stordajenta Andrea Myhre studerer ved Griegakademiet i Bergen. Ho tar med seg tre medmusikarar frå Bergen og syt for opning av Stord Jazzfest.
Kvartetten framfører musikkstykket «Suite for Flute and Jazz Piano Trio» av Claude Bolling, skriven i 1973. Bolling var ein fransk jazzpianist og komponist som har skrive ein del repertoar som er i kryssingspunktet mellom klassisk og jazz. Suiten er skriven for klassisk fløytist og jazztrio, og blei første gong framført av fløytisten Jean Pierre Rampal og Bolling sjølv på piano.
I tillegg til at komponisten ville fylt 95 år i 2025, så er det også 50 år sidan suiten vart innspelt for første gong. Suiten byr på karakterar som kan knytast til jazz- tradisjonen med inspirasjon frå den klassiske tradisjonen. Her får ein høyra det rytmiske og grooven frå jazzen kombinert med det klanglege og tekniske frå det klassiske.
Suiten består av sju satsar:
1. Baroque and Blue
2. Sentimentale
3. Javanaise
4. Fugace
5. Irlandaise
6. Versatile
7. Veloce
Musikarar:
Andrea Grov Myhre – fløyte
Marie Heddan Kortner – piano
Øystein Høynes – kontrabass
Sigurd Steinkopf – slagverk
Link til musikk: https://www.youtube.com/watch?v=sqLdqqPmkp0
Andre konsert denne kvelden: Kl. 20.00:
“440 HERTZ”, WIGESTRAND - KJEKSTAD - MATHISEN
Tribute to Didier Lockwood
På denne konserten spelar “440 Hertz” eigenkomponerte låtar, nokre av Lockwood sine eigne komposisjonar og eit utval av standardperlene i jazzen som Lockwood sjølv spelte.
Den franske jazzfiolinisten Didier Lockwood (1956 – 2018) er truleg den som aller mest har påverka andre fiolinistar over heile den vestlege verda med interesse for rytmisk, improvisert musikk. Han blei internasjonalt kjent som jazzfiolinist på 1970-talet, spelte over heile verda og beherska etter kvart alle stilartar innan jazz, funk, rock, med over 20 plateinnspelingar med musikarar som Allan Holdsworth, NHØP, Bireli Lagrene, Mike Stern, Dave Holland, Steve Gadd. Lockwoods spelestil var eklektisk, og ei vidareutvikling av Grappelli-tradisjonen.
Som utdanna klassisk fiolinist tok Stig R. Wigestrand doktorgrad ved Norges musikkhøgskole i Oslo for meir enn 20 år sidan, og forska og skreiv om Lockwood sitt unike fiolinspel og improvisasjonssystem. Dette var den første doktorgradsavhandlinga i Noreg om emnet improvisasjon. Dei siste 15 åra har han, ved sida av å vera utøvande jazzmusikar, vore ein hyppig førelesar om innovasjon og utviklingsprosessar i offentleg og privat sektor. Han gav også ut boka Hold kjeft – og hør! (Hold munn - og lytt!) for dei som ønskjer å lukkast med endringar og innovasjonar. Wigestrand har ein fransk-inspirert, virtuos stil, og han har fleire plateinnspelingar bak seg med nokre av dei aller mest kjente jazzmusikarane i landet.
Frode Kjekstad er utan tvil den mest virtuose jazzgitarist i Noreg. Han har ein teknikk som ingen andre, - går under kallenamnet “lynet”. Han har gitt ut fleire album med eigne band og spelt og spelar med verdskjende jazzmusikarar som Lonnie Smith, Eric Alexander, Joe Farnsworth, Don Menza, Johnny Griffin etc.
Per Mathisen, også kjend i musikk-krinsar som “The Bass Viking”, er ein av dei mest talentfulle og allsidige samtidsbassistane i Europa. Han har gitt ut 20 album som komponist/solist/produsent, og deltatt i innspelingar av over 45 studioalbum i forskjellige sjangrar. Han har i 30 år samarbeida med nokre av dei viktigaste jazznamna i verda: Alex Acuña, Jon Christensen, Gary Husband, Mike Stern, Keith Carlock, Antonio Sanchez, Jojo, Mayer, Bill Evans, for å nemna berre nokre, men også i ei lang rekkje andre konstellasjonar, frå dei mest kjende norske pop-, rock- og rap-banda, gjennom afrikansk eller cubansk etnojazz, til moderne klassisk og samtids-musikk i symfoniorkester.
Musikarar:
Stig R. Wigestrand – fiolin
Frode Kjekstad – gitar
Per Mathisen – bass
Musikkeksempel: https://www.youtube.com/watch?v=r4PFc36WO9c