Cutting Edge er ei jazzrockgruppe som består av seks musikarar med rik og langvarig erfaring frå den norske jazzscena. Kanskje hugsar nokon dei frå 1980-talet, då dei var eit av dei mest populære jazzbanda i landet. I denne perioden spelte dei på det som var av norske jazzfestivalar og opptredde mellom anna ei veke på den berømte jazzklubben Ronnie Scott´s i London. I år reiser gruppa på turne nesten 45 år etter at dei vart starta.
Bandmedlemmene har i åra etter Cutting Edge si stordomstid vore aktive musikarar i utallege bandkonstellasjonar. Fleire av dei har i tillegg lagt ned eit stort stykke arbeid med å utdanna unge lovande jazzmusikarar ved institusjonar som Norges musikkhøgskole, Universitetet i Stavanger og Høyskolen Kristiania.
Medlemmene i Cutting Edge lovar i ei pressemelding jazz med innslag av verkemiddel frå rock, blant anna gjennom bruk av elektriske instrument, rytmisk trøkk og volum. Me ser fram til å få dei på besøk til Stord jazzklubb!
Cutting Edge:
Morten Halle – fløyte, saksofonar
Rune Klakegg – keyboards
Knut Værnes – gitarar
Edvard Askeland – el.bass
Stein Inge Brækhus – slagverk
Frank Jakobsen – slagverk/perkusjon
Musikk: https://www.youtube.com/watch?v=2jt1toRmSuw
Billettar:https://stordjazzklubb.ticketco.events