Tilbake til alle arrangementer

JulaJam

  • Stord Hotell 67 Kjøtteinsvegen Stord, Vestland, 5411 Norway (kart)

Jamsession er staden for nye musikalske møte! Musikantar har gjerne snakka i lag på førehand og nemnt noko om låtar og toneartar, men sjølve musiseringa vert fyrst utført her og no. Kjende standardlåtar og låtar notert spesielt for denne kvelden får sin fasong der og då - det får bera eller brista!     

 

Øystein Kvinge kvartett

Husbandet til julajam’en er nytt for høvet. Utflytta stordabu, Øystein Kvinge, har samla vener frå Stord og Bergen som har spelt med kvarandre tidlegare, men aldri som denne spreke kvartetten!  

Mikael C. Jørgensen er ein driven jazztrommis, som også kjenner seg heime i salsa og latininspirert jazz. Han spelar med kraft i klypene. Thomas Lossius speler fast med Øystein i jazzkafeen dei driv saman i Fana kulturhus - JazzGalleriet. Han drar til på kontrabass i ulike band, og gjerne med sin eigen Brio Trio. Saksofonist Ole Jakob Hystad er nok kjend for dei fleste på Stord, og det er kjekt for ein kvar kvartett å ha med ein slik strålande solist i front!  

Bandet opnar jam’en med eit sett, kor alle fire har valt ut ein låt dei sjølv er glad i og som passar spesielt godt i kvartettformatet. Deretter går det slag i slag utover kvelden!   

 Øystein Kvinge - piano 
Ole Jacob Hystad - saksofon

Thomas Aurlund Lossius - kontrabass 
Mikael Chauvet Jørgensen - trommer 

 Så håpar klubben å få mange lokale musikkheltar opp på scenen resten av denne jazzkvelden. Nokre musikarar vil bli kontakta og oppfordra til å stilla opp med 2-3 låtar, men det er absolutt mogleg for alle musikarar/musikantar å nytta sjansen til å be om å få delta, enten som soloartist eller som gruppe. Dei i husorkesteret vil stå klare til å gi backing til dei som måtte ønskja det. Her er nokre av dei som alt har meldt seg:

Vokalistar: Miriam Amdal Haugen, Gisle Alsaker, Birte Slettevoll, Rebecca Hammersland, Bjørn Helland, Gunhild Rolvsnes, Wenche B.Lien

Instrumentalistar: Jørgen Sandvik, Martin Hystad, Jakob Yttredal, Tor Yttredal, Martin Tvedten, Åsmund Espeland, Alexander Svensen, Kjell Einar Tverderøy, Edvin Løkhammer, Einar Løkling

 Det er fint om de tar kontakt med Ole Jacob Hystad (9064 5440) eller Øystein Kvinge

(9201 6895) dersom de har lyst til å delta på scenen på jazzklubben sin JulaJam 2025.

 

Musikk:  https://www.youtube.com/watch?v=3iALflVElR0

Billettar: https://stordjazzklubb.ticketco.events/no/nb

Forrige
Forrige
8. november

Signe Førre Kvartett

Neste
Neste
23. januar

Blueshelg: Knut Reiersrud solo