Tilbake til alle arrangementer

Blueshelg: Knut Reiersrud solo

  • Stord Hotell Kjøtteinsvegen 67 (kart)

I over 40 år har Knut Reiersrud traktert gitarane sine på svært mange scener og begeistra publikum - bokstaveleg talt - verda rundt. Omgangen med strengeinstrument - både musikalsk og visuelt - er å betrakta som ei totaloppleving. Kong Harald uttalte etter ein Reiersrudkonsert i Sør-Afrika at han aldri tidlegare hadde sett ein musikar fysisk forsvinna inn i instrumentet sitt slik som Reiersrud makta å gjera. President Thabo Mbeki tilbydde gitaristen vår sørafrikansk pass, for å få eit ekstranummer på same konserten....

Knut er ein av dei beste norske instrumentalistane innan rytmiske musikk, ein virtuos på gitar, og ein magikar på scenen. Tre sterke påstandar, men som faktisk stemmer, alle tre. Han har gitt ut ei rekkje plater, både soloalbum og album med diverse konstellasjonar av musikarar opp gjennom åra, og fått Spellemannprisen for tre av dei. I tillegg til andre prisar, har han også motteke ein Dansk Grammy pris.

Knut Reiersrud har spelt med kjende musikarar som Dr John, Buddy Guy, Ricky Lee Jones, David Lindley og spelt inn live plater i land som Nepal og Iran. Få andre artistar kan matcha det! Knut spelar blues, folkemusikk, indisk, afrikansk, i tillegg til å vera ein fantastisk improvisator. Med eit arsenal av ulike gitarar gir han i solokonsertane sine ei reise i strengemusikkens geografi.


Med si enorme erfaring - mange soloplater, medverknad på over 300 plateproduksjonar og turnear på alle verdskontinenta - er han nærast for ei levande legende å rekna. Med blues i ryggraden, etter læretid i Chicago og New York med folk som Dr John og Buddy Guy, er Knut Reiersrud ALLTID innstilt på å levera varene 110 prosent med eit forrykande einmannsshow.

Knut Reiersrud har fleire gonger vitja Stord, men dette blir faktisk første gongen han entrar Stord Jazzklubb sin scene. Alle musikkelskarar kan gle seg!

Forrige
Forrige
29. desember

JulaJam

Neste
Neste
24. januar

Blueshelg: Jørgen Sandvik Permanent Vacation