Den 13. mars får me i Stord Jazzklubb møta Jørn Øien Cosmopolitan i konsert. Øien og medmusikarane hans presenterer ein personleg fusjon av elektrisk jazz og verdsmusikk, inspirert av jazzrock, soul, funk og klubbmusikk. Musikken består av ei eksplosiv blanding av vestafrikanske rytmar og sterke melodiar, der musikken vekslar mellom heftige grooves og vakre, meditative augneblink.
Konserten er del av ein lanseringsturne for plata FENK, som kjem ut i februar 2027. Albumtittelen er henta frå det vestafrikanske språket wolof og viser til soloppgang og det å stiga fram. Den rommar også ein visjon om håp, motstandskraft og trua på ei lysare framtid i ei verd prega av konfliktar og motsetnader.
Jørn Øien har i over 30 år vore ein av dei mest allsidige og etterspurde pianistane og keyboardistane i landet. Han har deltatt på over 70 plateutgjevingar, og med Cosmopolitan vidarefører han sin eigen musikalske visjon inspirert av ein livslang fascinasjon for møtet mellom jazz og musikktradisjonar frå heile verda.
På konserten har Øien med seg eit stjernelag av norske jazzmusikarar, som mellom anna har spelt med namn som Nils Petter Molvær, Eivind Aarset og Dhafer Youssef. Den internasjonalt anerkjente maliske musikaren Sidiki Camara tilfører musikken ein eigen dimensjon gjennom spel på instrumenta djembe og ngoni, djupt forankra i vestafrikansk musikktradisjon. På saksofon finn me Magnus Bakken, ein markant representant for den yngre generasjonen norske jazzmusikarar.
Jørn Øien melder at bandet er i toppslag og gleder seg stort til å møta publikum igjen – med ein konsert beståande av musikk frå begge utgjevingane! Han lovar ein kveld med nerve, speleglede og grooves som gjer det vanskeleg å sitja stille!
Musikarar:
Jørn Øien – keyboards, komposisjonar
Sidiki Camara – djembe, ngoni
Audun Erlien – bass
Rune Arnesen – trommer
Magnus Bakken – saksofon
BILLETTAR: https://stordjazzklubb.ticketco.events/no/nb
Lenke til første album her:
Youtube: