Tilbake til alle arrangementer

England Brooks Kvartett

  • Stord Hotell 67 Kjøtteinsvegen Stord, Vestland, 5411 Norway (kart)

England Brooks, født og oppvaksen i Los Angeles, California, gjorde for vel 20 år sidan Bodø til sin nye heimstad. Ho har med si djupe, sjelfulle Sarah Vaughan/Nina Simone-aktige stemme begeistra sine tilhengjarar; om det er på jazzklubb, konserthus eller på NRK sitt musikkprogram Beat For Beat. Over alt kor ho syng, gjer ho djupt inntrykk. På Swing’n’Sweet Jazzclub i Bergen tok ho publikum med storm og sjarmerte folk i senk!

 Det er på skikkeleg ekte når England Brooks syng frå den store amerikanske songboka. Det er ikkje tilgjort eller kunstig, det er hennar musikalske oppvekst i jazzen sitt heimland ein høyrer. Det er sterk formidling med djup personleg feeling. England Brooks sin saumlause miks av klassisk swingande jazz og ekte soul heimefrå gjer henne til ein heilt unik blom i den norske jazzfaunaen.

 Brooks gav ut sin debutplate for om lag ti år sidan. No har ho blitt 70 år og er ein meir aktiv og levande artist enn nokosinne. Til Stord Jazzklubb sin konsertscene har England Brooks med seg tre dyktige Bergens-baserte musikarar frå øverste hylle.

 Musikarar:

England Brooks – vokal
Erik Håkon Halvorsen – piano
Arne Toivo Fjose – bass
Stein Inge Brækhus – trommer

BILLETTAR: https://stordjazzklubb.ticketco.events/no/nb

Musikkeksempel:

https://youtu.be/KUNs7sIoeXs?si=k90uJ__q2A6A8D2s

Forrige
Forrige
6. februar

Building Instrument

Neste
Neste
13. mars

Jørn Øien Cosmopolitan