Kva skjer når fire dyktige og kreative jazzmusikarar isolerer seg i eit studio i skogen, og lar kreativiteten sleppa fri? - Svaret er albumet "Morning" og prosjektet ´Beiggja´, som tar lyttaren med inn i spelerommet der me får vera ein del av deira utforskande samspel.
Seint på vinteren 2024 samla pianist Kjetil Mulelid, saksofonist Kika Sprangers, bassist Mats Eilertsen og trommeslagar Per Oddvar Johansen seg i Per Oddvar sine heimlege omgjevnader i Lommedalen. Alle tok med nokre låtar og idear, så trykte dei rec og let samspelet ta form. Det viste seg å bli eit nydelig første møte, som utvikla seg til innspillinga av albumet "Morning". Kika og Kjetil fortel:
- Ingen av tagningene var like. En ‘take to’ har ofte en tendens til å referere til ‘take en’, spesielt når ‘take en’ låter bra. Men med Mats og Per Oddvar tok hver tagning sin egen unike retning. Samspillet var fantastisk, og det føltes virkelig naturlig og organisk. Selv om vi ikke kjente hverandre så godt enda, klarte vi å følge hverandres musikalske steg tett. Det hører du på albumet. Den spontaniteten og nysgjerrigheten!
«Encore» er første singelen frå Morning, debutalbumet til Beiggja. Låten har ein drivande puls, melankolske undertonar og ei stille forventning i seg—eit uttrykk for fire musikarar i intuitivt og søkjande samspel. Det balanserer mellom det opne og det forankra og gir ein stemningsfull forsmak på albumet.
Musikarar:
Kika Sprangers - saxofon
Kjetil Mulelid - piano
Mats Eilertsen - kontrabass
Per Oddvar Johansen – trommer
BILLETTAR: https://stordjazzklubb.ticketco.events/no/nb