Building Instrument – den Bergensbaserte trioen som består av Mari Kvien Brunvoll, Øyvind Hegg-Lunde og Åsmund Weltzien, er eit band som går forbi merkelappar som ”seriøs-” og ”populær” musikk – og kjem ut på den andre sida med ei ny musikkform som passar i begge båsar samtidig. På det seinaste albumet deira, ”Månen, Armadillo”, som følgjer opp den kritikarroste sjølvtitulerte Hubro-debuten frå 2014, samt ”Kem Som Kan å Leve” frå 2016 og "Mangelen Min" frå 2018, blandar dei elektroniske ekko med klassisk barokk, Øyvind Hegg-Lunde sine hypnotiske trommer som kling nærast melodiske, den skjøre og samtidig kraftfulle vokalen til Mari Kvien Brunvoll og hennar elektroniske lydmanipuleringar, og Åsmund Weltzien sine drøymande djupe synth-lydar. Dette resulterer i ein serie av subtile og intrikate musikalske vendingar. Samtidig gjer bandet sin massive sans for groove dette til kunst du også kan dansa til.
Den Bergensbaserte trioen har eksistert i meir enn 18 år, og dei tre medlemene i bandet har eit tett musikalsk samarbeid. Brunvoll sine tekstar flyttar seg mellom påfunne fantasispråk og hennar eigen moldenserdialekt. Det endelege produktet står fram som ein saumlaus musikalsk bildevev. Den lo-fi heimelaga estetikken passar bandet som hand i hanske, og koplar dei til ei uformell internasjonal rørsle av artistar som jobbar med avansert teknologi, men som likevel held på ein heimesnekra stil og etos som kan bli opplevd som meir analog enn digital, meir menneskeleg enn maskin.
Denne kunstestetikken blir forsterka av bandet sine val av uvanlege lydkjelder og den tilsynelatande organiske måten dei strukturerer desse på, gjennom å leggja intrikate lag-på-lag for å skapa musikken. Her blir det brukt samplingar av instrumenta hardingfele, vibrafon og blåseinstrument i tillegg til det vanlege oppsettet song, harpeleik, trommer og synthar. Brunvoll si multi-oktavstemme er slåande og så fleksibel at den blir enda eit instrumentalt verktøy. Men uansett instrument, og uansett kva musikalsk kontekst eller referansepunkt, anten det er moderne karibisk musikk eller hoffmusikk frå det attande hundreåret i Versailles - som begge får eit anerkjennande nikk i Building Instrument sin musikk; Dei høyrest ettertrykkeleg ut som ingen andre enn seg sjølv.
Bandet fekk Spellemannprisen i 2025 i Open klasse for albumet "Månen, Armadillo".
Musikarar:
Mari Kvien Brunvoll - stemme, div.elektronikk, perkusjon, zither
Øyvind Hegg-Lunde - trommer, eltrommer, perkusjon
Åsmund Weltzien - synthesizer, elektronikk
Thorolf Thuestad - lydteknikar
BILLETTAR: https://stordjazzklubb.ticketco.events/no/nb
* Musikk: https://buildinginstrument.bandcamp.com/
* Offisiell video til "Rett Ned": https://www.youtube.com/watch?v=jrj1rJqZF5w
* Unplugged musikk video: https://www.youtube.com/watch?v=f2-rJWJ3Ads