Tilbake til alle arrangementer

«Psst» – konsert for barn i småskulen

  • Stord Kulturhus Hamnegata 1, 5411 Stord (kart)

Psst! er komponert og regissert av to blad Øyvind, i samarbeid med illustratør Fredrik Rysjedal. Øyvind Skarbø og Øyvind Hegg-Lunde er to av dei mest aktive trommeslagarane i Noreg, med bakgrunn i band som Building Instrument, Erlend Apneseth Trio, Electric Eye og JUNIP (Hegg-Lunde), og Skarbø Skulekorps, Superless og Bly de Blyant (Skarbø). Begge har motteke ei rekke prisar for arbeidet sitt. Som duo har dei jobba saman sidan 2001, og blant mykje anna gjort ei trioplate med Ståle Storløkken, samt ei rekke prosjekt for barn.

Fredrik Rysjedal er ein av dei mest spennande kunstnarane i Noreg. Han har nyleg fullført eit stipendiat ved Kunsthøgskolen i Bergen, der han gjer nybrottsarbeid om teikneseriar tilpassa skjerm.

Psst! vart komponert som eit bestillingsverk til Bajazzfestivalen i Bergen 2017. Våren 2019 gjorde Psst! tre veker ved Den Nationale Scene i Bergen, samt ein turné på vestlandet i regi Vestnorsk Jazzsenter. I tillegg har førestillinga turnert i Hordaland i regi av DKS, samt spelt på Ultimafestivalen i Oslo og ved Hardanger Musikkfest.

 Det er ca 200 elevar frå grunnskulen i Stord som får tilbodet om å få oppleva denne førestillinga. Det er plass til like mange til i konsertsalen i Kulturhuset, og det er gratis for dei som ønskjer å vera publikum i tillegg til skuleborna.

Medverkande:

Øyvind Skarbø - trommer, vibrafon, vokal, gitar, vokal

Øyvind Hegg-Lunde - trommer, ukulele, vokal

Fredrik Rysjedal - illustrasjon og video

Hans-Olav Molde - lyddesign

Andreas Johansen - lysdesign

 

Videolink til heile barneførestillinga Psst (den heiter tidlegare HYSJ):

https://www.dropbox.com/s/wffitb9z3wsbjl2/HYSJ.mp4?dl=0

Forrige
Forrige
6. september

Equinor Storband med Tor Yttredal

Neste
Neste
19. september

Cutting Edge