Under Stord Jazzklubb si Blueshelg entrar Jørgen Sandvik Permanent Vacation scenen i Valhall (Stord Hotell) 24. januar kl. 20.00.
Mange veit at den allsidige musikaren, vokalist og gitarist Jørgen Sandvik, etter kvart er blitt stordabu, og som bandnamnet tilseier, er han sjef for denne kvartetten. Med seg har han Anders Bitustøyl, Jan Petter Myklestad og Nils Are Drønen. Bandet spelar heftig blues med godt rom for improvisasjon. Repertoaret består av Jørgen sine eigne låtar og klassikarar frå bl.a. John Mayall og forbildet Peter Green.
Jørgen Sandvik fekk Spellemannsprisen for sitt første soloalbum som kom ut i 2018! Albumet, med same tittel som bandnamnet, består av ei blanding av coverlåtar og sjølvskrive materiale, og det har hausta mange rosande ord frå musikkjournalistar landet rundt.
Jørgen er ein av dei mest rutinerte sceneartistane i landet. Han er ei viktig stemme i norsk blues! På avlutningskonserten denne blueshelga blir det servert blues med både trøkk og «feeling»!
Dette bluesbandet har vitja Stord Jazzklubb sin scene to gonger tidlegare, på Grand i januar 2020 og for to år sidan på Stord Hotell. Konsertsalen var begge gongene fullstappa og publikum var særs godt nøgde med det Jørgen og medmusikantane hans makta å formidla frå scenen!
Jørgen Sanvik – vokal og gitar
Anders Bitustøyl – bass
Jan Petter Myklestad – munnspel
Nils Are Drønen – trommer