Tilbake til alle arrangementer

Bluesfest: Good Time Charlie

  • Stord Hotell Kjøtteinsvegen 67 (kart)

Good Time Charlie (GTC) er eit norsk R&B/blues-band frå Førde og Bergen, starta i Bergen i 1982 av vokalist og munnspelar Arle Hjelmeland og trommeslagar Bård Ose. Bandet har hatt ei rekkje ulike besetningar, med vokalist Hjelmeland som det einaste originale medlemet i dagens band. Bandet har gitt ut totalt 11 album. Dei er blitt nominert til Spellemannprisen i klassen blues to gonger, i 2008 for albumet Mojo Energy og i 2017 for albumet Ready to Rumble.

GTC markerte seg raskt som eit av dei fremste banda innan 50s & 60s soul og rhythm and blues og har vore backingband for internasjonale bluesartistar som Hubert Sumlin, Lowell Fulson, James Cotton, Pinetop Perkins, Jimmy Dawkins og Louisiana Red. I 1988 gav bandet ut singelen «Davy Crockett»/«Come On». I 1995 kom bandet med sitt første album, Comin' Down with the Blues. Plata fekk overstrømmande omtalar og blir rekna som ein klassikar innan norsk R&B/blues. Med Mojo Energy definerte GTC sjangeren garage-soul – ei samansmelting av 60-talet sin intense garagerock og den eksplosive og energiske lyden av soul-musikk. Plata blei hylla av eit samla kritikarkorps.

Good Time Charlie har stort engasjement for rhythm and blues som musikkform og fartar landet rundt med ei unik evne til å skapa trygg og kreativ kontakt med publikum. GTC har og gitt ut fleire album i Jubelblues-serien med musikk der Arle Hjelmeland har truffe innertiar i det å spela blues for barn i alle aldrar. Fleire låtar frådd esse platene har blitt spelt på NRK ei rekkje gonger dei siste åra.

 Hausten 2023 vitja GTC Stord Jazzklubb og hadde både familiekonsert og konsert for skuleborn.

 Velkomne til ei varm og bluesfylt stund saman med Good Time Charlie!

Noverande medlemmer i GTC:

Arle Hjelmeland - vokal og munnspel

Steinar Karlsen - gitar

Morten Skage - bass

Einar Olsson – trommer

 BILLETTAR: https://stordjazzklubb.ticketco.events/no/nb

Musikkeksempel:  https://www.youtube.com/watch?v=-f3IzN_zhAA&list=RD-f3IzN_zhAA&start_radio=1

Forrige
Forrige
9. januar

Benedicte Sjøvold Kvintett

Neste
Neste
23. januar

Bluesfest: Arne Skage &The Procrastinators