Tilbake til alle arrangementer

Benedicte Sjøvold Kvintett

  • Stord Hotell 67 Kjøtteinsvegen Stord, Vestland, 5411 Norway (kart)

Benedicte Sjøvold er utdanna musikklærar frå Høgskolen i Bergen og klassisk songar frå konservatoria i Bergen og Tromsø. Ho har heile tida sunge jazz i tillegg til det klassiske. Benedicte er også ein høgt skatta kordirigent.

Repertoaret for denne konserten er først og fremst henta frå jazzens standardrepertoar, men Benedicte vil også framføra låtar som sikkert er ukjende for dei fleste.

Det er to musikarar i bandet som har tilknyting til Stord. Stein Bakke vaks opp på Rommetveit, men har arbeidd med musikk ved høgskulen i Bergen størstedelen av sitt vaksne liv. Ole Jacob Hystad har budd på Stord heile sitt liv på Stord, og han er jazzklubben sin eigen proffe musikar.

Benedicte med bandet sitt gjesta Stord Jazzklubb hausten 2019, den gong på Grand Hotell. Me som var der, fekk oppleva ei fin og varmande ettermiddagsstund. De som finn vegen til konserten vår no, sju år seinare, er garantert å få ei god oppleving!

Med seg har Benedicte Sjøvold:
Ole Jakob Hystad - sax
Stein Bakke - piano
Sigurd Ulveseth - bass
Stian Villlanger – trommer

Billettar: https://stordjazzklubb.ticketco.events/no/nb

Forrige
Forrige
29. desember

Stord Storband og JulaJam 2026

Neste
Neste
22. januar

Bluesfest: Good Time Charlie