Tilbake til alle arrangementer

Stord Storband og JulaJam 2026

  • Stord Hotell 67 Kjøtteinsvegen Stord, Vestland, 5411 Norway (kart)

Stord Storband igjen! Konsert først, deretter kjem  den tradisjonelle julejamen som startar like etterpå.

Storbandet oppstår med jamne mellomrom og spelar konsertane sine oftast i romjula. No er det to år sidan dette flotte bandet entra Stord Jazzklubb sin scene. Mange av musikarane er profesjonelle, og saman med semiproffar og nokre få topp amatørutøvarar leverer storbandet prestasjonar på svært høgt nivå, kvar gong. Bandet har mange eineståande musikantar/solistar. Me lovar eit låtval som denne gongen spenner frå vakker tradisjonell storbandmusikk til heftige funky rytmar. Kort sagt kan me venta oss eit fyrverkeri av ein konsert!

 

Dirigent: Stein Roseth

Komp: Tarald Tvedten - trommer, Halvor Folgerø - bass, Øystein Kvinge - piano/keyboards

Trombone: Pål Roseth, Marius Tobias Hoven, Tørres Edvardsen, Robert Sylta

Trompet: Geir Lund, Per Lund, Åge Østrem, Eli Nina Barsnes Onarheim

Treblås: Jan Kåre Hystad, Tor Yttredal, Ole Jacob Hystad, Ole Christian Ottestad, Gunnar Onarheim

 

Så håpar klubben å få mange lokale musikkheltar opp på scenen resten av denne jazzkvelden. Nokre musikarar vil bli kontakta og oppfordra til å stilla opp med 2-3 låtar, men det er absolutt mogleg for alle musikarar/musikantar å nytta sjansen til å be om å få delta, enten som soloartist eller som gruppe. Dei i jamkompet vil stå klare til å gi backing til dei som måtte ønskja det.

 

Det er fint om de tar kontakt med Ole Jacob Hystad (9064 5440) eller Øystein Kvinge

(9201 6895) dersom de har lyst til å delta på scenen på jazzklubben sin JulaJam 2026.

 

Jamkomp:

Øystein Kvinge – piano

Ole Jacob Hystad – sax

Halvor Folgerø – bass

Tarald Tvedten – trommer

Forrige
Forrige
7. november

Per “BASS VIKING” Mathisen Power Trio