Hardingfelespelaren Benedicte Maurseth er ute på turnè med albumet Mirra, og den 27. mars tek ho bandet sitt med til Stord jazzklubb. Maurseth har i lengre tid fått nasjonal og internasjonal anerkjenning for å utvikla og utvida grensene for hardingfela som instrument. På konserten har ho med seg musikarane Morten Qvenild (piano og elektronikk), Mats Eilertsen (kontrabass og el-bass) og Håkon Mørch Stene (melodisk og rytmisk slagverk, elektronikk).
I albumverket Mirra blir årssyklusen til villreinen utforska gjennom eit musikalsk uttrykk som med Maurseth sine ord «...tek utgangspunkt i folkemusikken sine suggererande repetisjonar, inspirert av minimalisme, krautrock og fri improvisert musikk». Mirra har etter lanseringa mottatt svært gode kritikkar, mellom anna i Morgenbladet og Dag og Tid. Albumet er oppfølgaren til plata Hárr (Hubro Records, 2022). Hárr fekk tildelt Nordic Music Priza og vart kåra til eit av dei ti beste folkemusikkalbuma i verda av den britiske storavisa The Guardian.
Me gledar oss til å høyre Maurseth sitt særeigne uttrykk på jazzklubben i slutten av mars!
Benedicte Maurseth – hardingfele
Morten Quenild – piano og elektronikk
Mats Eilertsen – kontrabass og elbass
Håkon Mørch Stene – melodisk og rytmisk slagverk
Musikk: https://www.youtube.com/watch?v=DWJcjc4hlwI&list=OLAK5uy_noPJu55WdW8DmfLBdhbHiXrcC5eU1ph78&index=8