Funkle er ein duo med Webjørn Sæther på sopransaksofon og kontra altklarinett og Asbjørn Lerheim på gitarar. Duoen er relativt fersk, men Sæther og Lerheim har spelt saman i ulike band og prosjekt i to tiår. Musikken er lyrisk og uttrykksfull med ei melankolsk nerve, men også kompromisslaus, direkte og intens.
Webjørn Sæther er komponist og saksofonist frå Langevåg på Sunnmøre. Han studerte komposisjon og saksofon ved Griegakademiet (93-98), og tok der ein master i komposisjon i 2014. Han er ein allsidig komponist og jazzsaksofonist som uttrykkjer seg i fleire sjangrar; frå samtidsmusikk til jazz, og til folkemusikkinspirerte uttrykk. Han har mellom anna komponert vignetten og musikk til «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» og komponert fleire verk for korps, klaver og mindre kammergrupper. Som musikar har han eigne prosjekt og band, og han har medvirka mellom anna i Sula Art Ensemble på Moldejazz i 2010. Han har samarbeidd med kor og korps som musikar, solist, pedagog, komponist og arrangør.
Asbjørn Lerheim er frå Langevåg i Sula kommune, og har vore aktiv som musikar i Oslo sidan han var 20 år. Lerheim er frilans jazzgitarist og komponist. Han underviser også i gitar og band på musikkvitenskap på Universitetet i Oslo og på Oslo kulturskole. Han har skrive musikken til og gitt ut fleire album med Chrome Hill, som mellom anna har spelt sju turnear i
Japan. Bandet har også samarbeidd med dei japanske musikarane Michiyo Yagi, Tamaya
Honda, Tetuzi Akiyama og Noritaka Tanaka. Her heime har Chrome Hill hatt Knut Reiersrud og Eivind Aarset som gjester. Lerheim spelar også med Lisa Dillan, og har gitt ut plate med musikarar frå Elvis Presley sitt band frå 70-talet. Han spelar jazz og improvisasjonsmusikk i eit breitt spekter, frå melodisk jazz til fri improvisasjon.
Webjørn Sæter hadde ei heilt sentral rolle i «Til naturen», eit musikkprosjekt for unge musikkelevar, som Stord Jazzklubb arrangerte saman med Stord kulturskule og musikklina ved Stord vgs. i 2017. Komponist og musikar Terje Isungset og arrangør og dirigent Webjørn Sæter gjorde sitt til at avslutningskonserten i eit fullsett Stord kulturhus blei ei ugløymeleg oppleving.
Også Asbjørn Lerheim har vitja Stord Jazzklubb tidlegare, som komponist og gitarist i gruppa Chrome Hill sin vellukka konsert på klubben sin scene våren 2023.
Musikkpublikumet på Stord kan gleda seg til ei hugnadsam ettermiddagsstund saman med desse to flotte musikarane!
Funkle:
Webjørn Sæter – sopransaksofon, kontra altklarinett
Asbjørn Lerheim - gitarar
Musikk: https://soundcloud.com/funkle-820761901
Billettar: https://stordjazzklubb.ticketco.events