Tilbake til alle arrangementer

Organ Jam – Kraftjazz og fotbass

  • Stord Hotell Kjøtteinsvegen 67 Stord, Vestland, 5411 Norway (kart)

Organ Jam har fått strålande mottaking for sin friske spelestil. Kombinasjonen Hammond B3, trommer og to saksofonar er sjelden. Det karakteristiske Hammond B3-orgelet med fotbass gjer at lydbildet blir rått og kraftfullt. Musikken varierer frå rolege, lange strekk, til rå og svingande bop. Kvar for seg har dei fire musikarane vore toneleiande i ei rekkje samanhengar i mange år. Dei har gitt ut fleire plater i eigne namn, og som side-men delteke på ei lang rekkje innspelingar.

 Fleire av bandmedlemmene bidrar sterkt til repertoaret, med eigne komposisjonar og arrangement av kjende og ukjende låtar frå det store jazzbiblioteket. Noko av musikken kan karakteriserast som hardtsvingande blues og standardjazz. Musikken får likevel eit sterkt personleg utrykk fordi den er arrangert med tanke på kvar enkelt musikar sine spesielle kvalitetar. Alle dei dei fire musikarane har nær tilknyting til Stord, - dei to saksofonistane er til og med søskenbarn som har vakse opp i lag her.

 Organ Jam vil garantert gje publikum ei humørfylt, heit og svingande musikkoppleving!

Organ Jam:
Tor Yttredal – saksofonar

Ole Jacob Hystad – saksofonar

Svein Olav Herstad – hammondorgel

Stein Inge Brækhus – trommer

 

Musikk:  https://www.youtube.com/watch?v=wmU-2o44cRA

 

Billettar:  https://stordjazzklubb.ticketco.events

Forrige
Forrige
14. februar

Kjetil Mulelid Trio