Tilbake til alle arrangementer

Bjørn Moe (Stord Jazzfest)

  • Stord Hotell 67 Kjøtteinsvegen Stord, Vestland, 5411 Norway (kart)

Rytmisk, tøff, kreativ og varm konsert med BJØRN MOE.

 Bjørn Moe er allereie kjent av mange som ein dyktig og kreativ trommis og har gjennom dei siste åra også trollbunde mange med si sjelfulle og kraftige stemme. Etter å ha «gøymt seg» bak trommene i nesten 40 år, gav han ut sin første eigenkomponerte låt «The Book» i 2021 og sitt debutalbum «Angel Number Seven» i 2023, der han også viste seg fram som ein habil låtskrivar, tekstforfattar og vokalist. Releasekonsertane selde til fulle hus og hausta lovord frå både publikum og arrangørar. 

 I 2025 gav han ut den norske singelen "Horisont", og no er han tilbake med fleire nye utgivelsar og konsertar i løpet av 2026. Den første låten i år, «Burn The Bridges» blei sleppt 23. januar. Neste låt "Fortuneteller" kjem 29. mai.

 Bjørn Moe har etablert sin heilt eigen stil, både som komponist, låtskrivar og vokalist, der den lange erfaringa som trommis skin tydeleg gjennom i alt han gjer. Han hentar inspirasjon frå heile verda sitt rytmelandskap, og han tar like gjerne ein tur til Afrika som til Midt-Austen eller Karibien. Dei kreative rytmevala, saman med ei djup og sjelfull stemme, gir Bjørn Moe sine låtar ein heilt særeigen karakter og ein personleg signatur. Han serverer spenstige rytmar og djupe og finurlege tekstar, og han blir rost for den fine formidlingsevna.

 Sjølv om Bjørn Moe i hovudsak flyttar seg i landskapet pop og rock, har musikken hans element frå både jazz og world-music, noko som skaper ein ekstra spanande atmosfære for lyttarane. Det kjem ofte opp navn som David Bowie, Peter Gabriel og David Coverdale når ein leitar etter nokon å samanlikna vokalen hans med.

 På livekonsertar spelar Bjørn Moe trommer og syng, ein kombinasjon som ikkje veldig mange gjer! 

I livebandet har han med seg eit knippe velrenommerte og erfarne musikarar frå Vestlandet.

Bandet:

Bjørn Moe – vokal og trommer

Kjell Arne Bauge – gitarar

Svein Henning Berstad – bass

Einar Sogstad- tangentar

Musikk:

https://www.youtube.com/watch?v=mUJPmiIWy44&list=PLF1gDj5mnJgc7TvQWgYhcTIayo7V5k5pm

Forrige
Forrige
9. oktober

Helge Lien Trio (Stord Jazzfest)

Neste
Neste
10. oktober

Horda (Stord Jazzfest)