Nokre band MÅ berre inviterast tilbake til Stord, og dette er eitt av dei: THE REAL THING. Fredag 30. oktober bør du kryssa av i kalenderen og ta turen til Stord Jazzklubb sitt lokale på Stord Hotell. The Real Thing har spelt på Stord minst tre gonger tidlegare, sist i 2022, og alle blues- og jazzinteresserte vil garantert få nok ei stor musikkoppleving når dei entrar scenen denne kvelden. Bandet samla fulle hus dei gongene dei har vitja Stord Jazzklubb.
Dette norsk-svenske souljazzbandet – med base i Oslo - har hatt stor suksess med sin utadvendte og svingande stil. Dette er, ifølgje dei sjølve, bandet som aldri går av scenen i tørr smoking! Dei gjev med andre ord alt under konsertane sine. Kvartetten debuterte i 1992 med albumet The Real Thing, og har gjeve ut fleire album. Musikken dei spelar, er for det meste originalt materiale og er ei blanding av amerikansk Blue Note-jazz (til dømes stilen til Jimmy Smith, George Benson og Wes Montgomery) og element frå moderne populærmusikk. Resultatet er ei blanding av swing, blues, funk og rock utøvd av nokre av dei beste musikarane Noreg har i dag!
Etter at bandet gjekk i dvale nokre år, frå 2004 til 2010, samla dei seg att og har sidan reist land og strand rundt med sin fengjande hardtsvingande orgelbaserte souljazz The Real Thing har og spelt ei rekkje konsertar i England dei siste par åra. At dei har selt nærare 60.000 album, seier også sitt.
Denne konserten fredag 30. oktober er lagt inn som ekstrakonsert i programmet for denne hausten, etter at me fekk laga ein flott programfaldar for SJK sitt konsertprogram.
Ein kan finna fyldig informasjon på klubben si heimeside om alle konsertane me har å tilby denne hausten.
Publikum kan gle seg til ein forrykande konsert med THE REAL THING!
Bandet:
Staffan William-Olsson - gitar
Paul Wagnberg – hammondorgel/B3
Hermund Nygård - trommer
Dave Edge - saksofon
Lytteeksempel: https://www.youtube.com/watch?v=Eb8l6INxfFE&list=RDEb8l6INxfFE&start_radio=1
Billettar TicketCo: https://stordjazzklubb.ticketco.events/no/nb