Musikarane i Dag Arnesen Trio har i ei årrekkje spelt saman i ulike band-kombinasjonar - alt frå kvartettar til storband, og dei kjenner kvarandre veldig godt! Men det er først dei siste 3-4 åra at dei har etablert seg som trio. Trioen har spelt diverse konsertar, på klubbar og kyrkjekonserter til stor begeistring hos publikum!
I 2024 ga dei ut CD-en «Ice Breaking», og deler av repertoaret kjem herfrå. I tillegg hentar dei materiale frå Norwegian Song-konseptet, med eigne arrangement av norske folketonar, komposisjonar av Edvard Grieg, Geirr Tveitt og eigne komposisjonar.
Alle dei tre kjende og dyktige jazzmusikarane har vitja Stord Jazzklubb ved tidlegare høve, då i andre orkesterkonstellasjonar. Dette blir eit fint gjenhøyr med dei og trioen vil garantert syta for at du får ei flott konsertoppleving, som innleiing til Stord Jazzklubb sitt rikhaldige program denne hausten!
Dag Arnesen Trio
Dag Arnesen – Piano
Magne Thormodsæter – bass
Øyvind Skarbø – trommer
Musikk: https://music.youtube.com/search?q=dag+arnesen+trio
Billettar: https://stordjazzklubb.ticketco.events