Levande musikk med improvisasjon, blåtonar og svingande rytmer.

Årets jazzklubb i 2023

Bli medlem

Stord Jazzklubb er ein viktig bidragsytar til det varierte kulturlivet på Stord. For å sikra støtte frå det offentlege og bedrifter er me avhengige at å ha mange medlemer. Det kostar berre 300 kr. i året å vera medlem. Og då sparer du 100 kr på kvar konsert. Ungdom under 26 år (inntil fylte 26) får 50% i rabatt på medlemskontingenten. Bli medlem.

Eit lyttande publikum

Gjestande musikarar har fleire gonger kommentert frå scena at dei set pris på at publikummet vårt kjem for å høyra musikk og lyttar til musikken, og nyttar tida før konserten, i pausen og og etter konserten til prat og sosial omgang.

Jazz er så mykje…

Felles for jazzen me presenterer, er at dette er kvalitetsmusikk framført av eminente musikarar som er dyktige til å improvisera – eller leika seg i musikken. Men uttrykket kan variera og henta impulsar frå dixieland, tradisjonell amerikansk jazz, moderne nordisk jazz, rock, pop, folkemusikk eller country.